– Når gledene oppstår, kan vi like gjerne kjenne på dei
· Oppdatert
Har du nokon gong sett inn USB-minnepennen rett veg på første forsøk?
Kjent saksa gli mjukt gjennom gåvepapiret?
Treft med nøkkelen rett inn i nøkkelholet?
Eller hugsa å kjøpe tannkrem dagen etter at du gjekk tom?
Dersom du ikkje aktivt tenker over det, er det lett å gå glipp av desse augeblinkane med kvardagsmagi.
Men desse små gledene kan bety meir enn du trur.
Nyttiggjer dei små gledene
– Når gledene oppstår, kan vi like gjerne kjenne på dei.
Bjarte Arneson har skrive boka «Kilder til begeistring», som no har blitt til ein serie med 52 episodar som vil komme kvar veke i eit år på alle NRKs plattformar: NRK TV, NRK Radio og nrk.no.
Den handlar om å rette merksemda mot dei små lyspunkta i kvardagen, som vi elles ikkje legg merke til.
– Det finst mykje glede rundt oss som går til spille – det er som å fyre for eit ope vindauge. Sjølv om gledene er små, kan vi nyttiggjere oss dei.
Ideen til boka kom etter ein diskusjon med sambuaren, som skulda han for å vere irritabel. Forfattaren innrømmer at han lett kan gi uttrykk for irritasjon, men han hadde forsvarstalen klar:
– Eg legg ikkje berre merke til dei dumme tinga i livet. Eg legg merke til alt – det positive og det negative! Eg kunne ha skrive «Kilder til irritasjon», men der treng vi ikkje draghjelp.
Arneson prøver derfor å minne folk på at det er mykje fint som skjer rundt oss.
– Sjølv om tida vi lever i ikkje alltid verkar så positiv, så finst det mange små gleder – vi må berre prøve å legge merke til dei.
Ein lykke-sopptur
Forfattaren meiner at det er bra å ha ein låg terskel for å legge merke til gleder:
– Om du definerer lykke som fødslar, lottogevinstar og sydhavsøyer, gjer du det veldig vanskeleg for deg sjølv, for dei opplever du ikkje mange av.
Han seier han har trena seg opp til å legge merke til dei små, fine stundene i kvardagen.
– Jo meir eg har halde på med det, jo betre blir eg til å identifisere mikrogleder.
Han samanliknar det med å gå på sopptur. Sjølv om du er på ein stad med mykje kantarell, kan det vere vanskeleg å sjå dei fordi det er så mykje haustlauv i same fargenyansar.
– Men etter at du har funne den første kantarellen, er det som om auga dine blir kalibrerte. Du lærer kva du skal sjå etter, og då blir det lettare å finne dei neste.
Kvardagsgleder og ferieturar
– Vakre, forunderlege, interessante eller ganske så alminnelege opplevingar i kvardagen er sjeldan ubetydelege!
Det fortel psykolog Ragnhild Bang Nes, som blant anna forskar på livskvalitet og har skrive boka «Lykkekuren».
– Om vi systematisk øver på å legge merke til positive erfaringar, og gir dei meir plass i kvardagen, minnet og hjernen, kan det etter kvart bli lettare å oppdage dei.
Ragnhild Bang Nes
Psykolog og forskar, Universitetet i Oslo
Ho trur det kan vera ein forskjell på korleis me prosesserer dei store og små gledene, men at vi ikkje bør overdriva dette skiljet.
– Ein ferie kan gi eit fint avbrekk og sterke positive opplevingar. Men det er først når vi verkeleg er til stades at ferien gir eit humørløft, seier ho.
Å dvele bevisst ved, utdjupe eller nyte ei positiv oppleving kallast ofte «savoring» på engelsk. Det handlar om å ta innover seg dei hyggelege augeblinkane som allereie eksisterer, men som vi ofte går rett forbi.
– Ein kopp nytrekt kaffi i solveggen ein sommarmorgon kan i utgangspunktet opplevast berre som ein kopp kaffi i sola. Men om du faktisk legg merke til varmen, smaken, lukta og sollyset, får opplevinga ei anna psykologisk meining.
Å trene denne merksemda kan, ifølge Nes, endre korleis vi har det i kvardagen.
– Det som skjer ofte, kan potensielt ha mykje å seie sjølv om kvar enkelt augeblink er liten. Alt vi gjer og øver oss på, endrar hjernen og kvardagen vår.
– Mennesket er eit flokkdyr
Sjølv om mange mikrogleder skjer i det stille, meiner Bjarte at dei aller beste augeblinkane oppstår i møte med andre menneske.
Som for eksempel når ein bil set seg fast i snøen og framande strøymer til for å dytte.
– Å vere konkret til nytte for eit anna menneske på den måten gir ei skikkeleg sterk kjensle av fellesskap. Når bilen endeleg glir ut, og du kjenner energien stige i deg, det er då ein hugsar at mennesket er eit flokkdyr og at livet er ein lagsport.
– Det er dei gledene eg meiner ein burde oppsøke oftare.
Sjå «Kilder til begeistring» her: