Vestland
Regjeringa gir grønt lys til tømming av gruveavfall i Førdefjorden i tre år
· Oppdatert
Klima- og miljødepartementet seier ja til deponering av gruveavfall i tre år framover. – Eit grovt brot med høgsterettsdommen, meiner Naturvernforbundet.
Klima- og miljødepartementet seier ja til deponering av gruveavfall i Førdefjorden i tre år framover.
Det skriv departementet i ei pressemelding.
Det er snakk om opptil 4,5 millionar tonn gruveslam.
I juni i år slo Høgsterett fast at staten gjorde feil då han tillèt Nordic Mining å tømme gruvemassar i Førdefjorden.
– Dagens løyve frå regjeringa er eit grovt brot på dommen frå Høgsterett og regelverket som skal verne fjordane våre mot forureining, seier leiar Pernille Bonnevie Hansen i Naturvernforbundet.
– Dumpinga av gruveavfall er ulovleg, og det vil ho framleis vere sjølv om regjeringa har snikra saman dette løyvet i hui og hast, meiner ho.
Det var NTB som først melde om det mellombelse løyvet.
Langvarig strid
I over ti år har planane om – og seinare etableringa av – gruvedrifta ved Vevring i Førdefjorden vore omstridde. Først og fremst av omsyn til at dette er ein nasjonal laksefjord og konsekvensane som utsleppa av 26,5 millionar tonn gruveslam på havbotnen vil få.
Også etter at utsleppsløyvet vart gitt i 2016 og gruvedrifta starta på slutten av 2024, har miljøvernorganisasjonar kjempa i rettssystemet for å få stoppa gruvedrifta og utsleppa.
Tidsavgrensa løyve
Det springande punktet Høgsterett tok stilling til, var dette:
I 2016-vedtaket der gruveselskapet fekk løyvet, vart det lagt avgjerande vekt på økonomiske inntekter til samfunnet og aksjonærar, samt lokal sysselsetjing og busetjing.
Høgsterett seier dette ikkje er «tvingande allmenne omsyn» som kan forsvare miljøskaden av gruveutsleppa.
Grunngjevinga regjeringa i si tid gav er ikkje gyldige argument for å gi utsleppsløyve som bryt med EU sitt vassdirektiv og den norske vassforskrifta.
20. august tilrådde Miljødirektoratet «tommel opp» for mellombels utsleppsløyve sjølv om Høgsterett i juni slo fast at det opphavlege løyvet frå departementet ikkje var gyldig.
Avgjer framtidig løyve etter nyttår
Onsdag kom regjeringa sin konklusjon som respons på dommen.
– Dommen frå Høgsterett betyr at departementet må gjere noko med vedtaka som er kjente ugyldige. Derfor har vi i dag gitt selskapet eit tidsavgrensa løyve, og suspendert dei gamle vedtaka, skriv klima- og miljøminister Sigrun Aasland i ei pressemelding.
Ifølge henne betyr ikkje dette nødvendigvis at gruveselskapet seinare vil få tilbake eit permanent løyve.
– Vi jobbar med å vurdere om selskapet kan givast eit langvarig løyve, og håpar å ha vurderinga ferdig tidleg i 2027, skriv Aasland.
Samtidig suspenderer departementet vedtaka etter forureiningslova som Høgsterett har kjent ugyldig.
Her får du forklart kva spelerom regjeringa har hatt å forhalda seg til etter at høgsterettsdommen fall:
– Trist for Førdefjorden og rettsstaten
Anne-Line Thingnes Førsund i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane reagerer sterkt på dagens vedtak:
– Dette er forferdeleg trist for Førdefjorden og forferdeleg trist for den norske rettsstaten. Regjeringa bidrar nå til å underminere tilliten til det norske rettssystemet, seier Førsund.
Ifølge naturvernarane bygger Klima- og miljødepartementets nye løyve på fleire grunnleggande feil. Dei meiner mellom anna at det er ulovleg å gi mellombels utsleppsløyve for tre år i eit prosjekt som går over 39 år.
Leiar Sigrid Hoddevik Losnegård i Natur og Ungdom varslar at deira kamp held fram.
– Regjeringa har vist ein overraskande mangel på respekt for eige lovverk, EUs vassdirektiv og Høgsteretts dom, seier ho.
– Det er heilt bakvendt at det første Sigrun Aasland gjer som klima- og miljøminister er å sikre at den ulovlege gruvedumpinga fortset. Når ministeren ikkje gjer jobben sin for å hindre ulovleg forureining blir vi tvinga til å gjere jobben for henne, og det ansvaret er vi klare for å ta, seier Losnegård.
- William Jobling / NRK
Grunde Almeland (V): – Utruleg vanskeleg å forstå
– At regjeringa vil fortsette å bruke Førdefjorden som søppelfylling er totalt oppsiktsvekkande når Høgsterett har sagt tydeleg at det er ulovleg.
– Dette er rett og slett utruleg vanskeleg å forstå.
– Og ikkje nok med det: Regjeringa vurderer seriøst å legge til rette for at dumpinga skal kunne fortsette også etter desse tre åra.
- Lars Martin Hunstad / NRK
Lars Haltbrekken (SV): – Ingenting er heilag for regjeringa
– Regjeringa gjer tydelegvis kva ho kan for å tekkast den internasjonale gruveindustrien. Ingenting er heilag, heller ikkje reine norske fjordar.
– Det er heilt utruleg at regjeringa gjer kva som helst for å la gruveselskapa bruke fjordane som søppelplass.
– Eg kan ikkje skjøne korleis det regjeringa gjør no er lovleg. Eg håpar statsråden har svært gode svar til kontrollkomiteen.
- Storm Pessl-Kleiven / NRK
Marius Dalin (MDG): – Suveren forakt for Høgsterett
Regjeringa viser suveren forakt for Høgsterett og gir blanke blaffen i den krystallklare dommen.
Det viser at naturen ikkje har noko rettsvern. Kommersielle krefter får ture fram som dei vil, med fagre løfte om arbeidsplassar, vekst og utvikling.
Det er deprimerande og komplett uforståelig at regjeringa ikkje eingong prøver å få til eit miljøvenleg prosjekt ved Førdefjorden.
- Olav Røli / NRK
Terje Kollbotn (R): – Undergrev Noreg som miljønasjon
– Dette er ei miljøpolitisk skandalesak. Regjeringa undergrev Noreg som miljønasjon ved å trasse ein høgsterettsdom.
– Det er ein provokasjon. Dette er heilt skandaløst. Dumping av gruveavfall i fjorden må opphøyre.
– Klima- og miljøministeren, som jo kjem frå miljørørsla, må reversere dette.
– Vi veit jo at eit midlertidig løyve blir permanent viss dette vedtaket blir ståande.
Juristar reagerte
Ei rekke framståande juristar uttalte etter høgsterettsdommen at gruveselskapet ikkje lenger kan dumpe gruveavfall i Førdefjorden.
Blant andre meinte Hans Petter Graver at staten har plikt til å straks pålegge stans av verksemda. Jan Fridthjof Bernt reagerte sterkt på utsegnene frå regjeringsadvokaten om at dumpinga kan fortsette.
Inge Lorange Backer meinte at dersom gruveselskapet kan basere seg på eit ugyldig løyve fram til den blir trekt tilbake, kan kontrollen til domstolane med forvaltninga bli «eit slag i lufta».
Professor og tidlegare høgsterettsdommar Jens Edvin Skoghøy har derimot støtta departementets vurdering av konsekvensane av dommen i Høgsterett. Han er no advokat i selskapet Kvale som representerer Nordic Mining.
Nordic Mining: – Grunnlag for fortsatt drift
Konsernsjef Finn Ivar Marum i Nordic Mining skriv i ei pressemelding at dagens løyve frå regjeringa «gir grunnlag for fortsatt drift ved Engebø-anlegget medan styremaktene vurderer ei langsiktig løysing».
Han tolkar dagens vedtak som at det opphavlege løyvet frå 2016 er «sett på vent» medan myndigheitene vurderer korleis Høgsteretts avgjerd skal følgast opp på lengre sikt.
Likviditetsproblem – og sjefen sluttar
Men like etter denne pressemeldinga, kom ei børsmelding frå selskapet om at Marum gir seg som administrerande direktør i Nordic Mining med umiddelbar verknad.
Gruveselskapet har lenge hatt tekniske utfordringar med å auke produksjonen som planlagd. Og det har den siste tida kome fleire nyheiter om børsfall fordi Nordic Mining har store økonomiske utfordringar.
Selskapet har opplyst at det berre har tilstrekkeleg likviditet fram til midten av oktober og arbeider med langsiktige finansieringsløysingar.
Men same dag som regjeringa gav midlertidige løyve, vart det kjent at ein hovudkunde har terminert avtalen sin med Nordic Mining.
– Regjeringas vedtak gir oss stabiliteten og føreseielegheita vi treng for å vidareutvikle drifta. Det gjer det mogleg å fortsette produksjonen, vareta lokale arbeidsplassar og gjennomføre opptrappinga ved anlegget.
Det skreiv Marum kort tid før han altså gjekk av som administrerande direktør.
Otto Søberg tar mellombels over som direktør frå 7. oktober.
– Vi får permanent løyve neste år
Styreleiar Kjell Roland seier til NRK at Marum har fått ny jobb i eit italiensk selskap.
– Han har gjort ein kjempejobb for Nordic Mining. Han melde før sommaren at han hadde fått eit jobbtilbod som han hadde meir lyst på. Men han var villig til å stå inntil selskapet kom over dei vanskelegaste kneikene. Det eine var å komme i gang med å refinansiere selskapet. Det andre var at vi først fekk mellombels utsleppsløyve, og så får vi neste år eit permanent løyve.
Roland seier selskapet sjølvsagt set pris på løyvet frå regjeringa.
– Høgsterettsdommen sa at regjeringa har saksbehandla løyvet feil. Nordic Mining har aldri gjort noko gale, legg han til.