Overlevde to avrettingsforsøk 

Espen Alnes – Journalist

Avrettinga i Tennessee skulle vere den første avrettinga av ei kvinne i staten på 200 år.

Ho blei først mellombels stoppa av ein føderal domstol ein time før dødsdommen skulle fullførast.

Kort tid etterpå blei avgjerda sett til sides av høgsterett i USA, som gav klarsignal til at Pike kunne få giftsprøyta.

Men etter to dødelege sprøyter, var ho framleis medviten og hadde puls, og at ho låg og sov, fortel vitne som var til stades.

Fengselsvesenet i delstaten seier alle protokollar blei følgd i avrettingsprosessen.

Advokatane til Pike bad natt til onsdag om at avrettinga skulle stoppast.

Dei fortalde også at ho var sendt til sjukehus, men at dei ikkje visste noko om tilstanden hennar, melder NBC News.

Dømd då ho var 18

Christa Gail Pike blei dømd til døden i 1996 for å ha teke livet av ei eitt år eldre kvinne som gjekk på same skule som henne.

Pike var då 18 år gammal. Kjærasten hennar, som også blei dømd for drapet, var eitt år yngre enn henne, og blei dømd til livsvarig fengsel fordi han var under 18 år.

Saka fekk stor merksemd i 1995 fordi etterforskarar knytte det til satanisme fordi nokon hadde rissa inn eit pentagram på brystet til offeret.

Ho har ikkje nekta for at ho gjennomførte drapet, men støttespelarane hennar meiner staten må ta omsyn til hennar unge alder på gjerningstidspunktet.

Dei la også vekt på at ho hadde ei historie med psykisk sjukdom og alvorlege seksuelle overgrep i barndommen.

Dommarane som sette ein mellombels stopp for avrettinga onsdag, sa dei ønskte å undersøke om opplysningane om overgrep var godt nok vurdert då ho blei dømd.

Kvinner sjeldan avretta i USA

Guvernøren i Tennessee Bill Lee avslo måndag å benåde Pike.

Advokatane hennar sa ifølge NBC News at ho var knust etter avslaget frå guvernøren.

Det er svært uvanleg at kvinner blir avretta i USA. Onsdagens prosess skulle ha vore den første på 200 år i delstaten.

Ei kvinne som sat på dødscelle saman med Pike fram til 2010 fekk dommen sin endra til livsvarig fengsel av dåverande guvernør Phil Bredesen.

Sidan 1976 har 18 kvinner blitt avretta i USA, som er rundt 1 prosent av alle avrettingar, ifølge Death Penalty Information Center.

Interessert i meir utanriksstoff? Høyr Urix-podkasten:

Publisert 1. okt. kl. 08:46
Oppdatert 1. okt. kl. 11:56

Tilknyttede emner til denne saken