Argentina var i limbo i 46 dagar: – Det som skjedde før var unormalt

Noah Midtskogen Barbati – Journalist, Fredrik Kårstad Lilleaasen – Journalist

Lionel Messi var lenge spelaren som aldri fekk det heilt til i meisterskap. I VM har han vore best etter at mange begynte å avskrive han.

Flest målpoeng i VM, flest gonger deltatt i VM og flest kampar spelte i VM.

Det er alle rekordar som blir haldne av Lionel Messi, som søndag kan leie Argentina til eit nytt VM-gull. Berre tre og eit halvt år etter at Messi på mange måtar krona karrieren med det siste han mangla då han og Argentina tok VM-gullet i Qatar i 2022.

Søndag blir han den eldste utespelaren til å spele ein VM-finale. Til overrasking for mange, har fleire av rekordane til Messi komme i ein alder der dei fleste andre fotballspelarar vel å legge opp.

Og ikkje minst: Det hadde ikkje blitt noko av om Messi hadde stått på avgjerda si frå sommaren 2016.

Tapte tre finalar på to år

I mange år kunne ein oppsummere Messis landslagskarriere med straffebommar, tårer og finaletap.

Til VM i 2010 hadde han for alvor blitt ei superstjerne. Messi hadde overtatt draktnummer ti sidan VM-debuten i 2006. Det enda med null mål for Messi og at Argentina rauk ut i kvartfinalen.

I 2014 tapte Argentina VM-finalen mot Tyskland, før det både i 2015 og 2016 blei tap mot Chile i finalen i Copa América.

I sistnemnde finale sende Messi ei straffe høgt over mål i straffesparkkonkurransen. Messi tok eit drastisk val: Han gav seg på landslaget.

– Eg har bestemt meg. Eg har prøvd så hardt. Det gjer vondt å ikkje vere ein meister, forklarte den då 29 år gamle Messi.

Det blei opprør i Argentina. Dåverande president Mauricio Macri og Diego Maradona var blant dei som bad Messi om å ombestemme seg.

46 dagar seinare hadde han snudd.

– Kjærleiken til drakta og landet er for stor, sa Messi.

Det er det mange i Argentina som prisar seg lykkelege for i dag. Rett nok gav det ikkje omgåande utteljing. VM i 2018 enda med ein ny skuffelse, der Argentina rauk ut mot VM-vinnarane Frankrike i åttedelsfinalen.

Så følgde gullåra. I 2021 vann Argentina Copa América, det første trofeet til landslaget på 28 år. Messis første med Argentina. Året etter følgde VM-gullet i Qatar, før det blei ein ny siger i Copa América i 2024.

– Eg føler at det som skjedde før var unormalt, mens det no er normalt. Etter han la opp på landslaget så har eigentleg trofea berre rent inn, seier fotballekspert Petter Veland og utdjupar:

– I dei siste åra har Argentina reindyrka Messi som nummer éin, der resten av laget eigentleg berre skal gi han best mogleg arbeidsforhold for å lykkast. For at Argentina skal vinne, betyr det at Messi må vere god.

– Ikkje sett maken

Totalt har Lionel Messi deltatt i seks verdsmeisterskapar, spelt 33 kampar og produsert like mange målpoeng.

Berre i dei to siste meisterskapane står han oppført med 15 scoringar – og det før finalen mot Spania.

– Det mest overveldande er kva han har gjort i alderen 35 til 39 i VM-samanheng, seier NRKs fotballekspert, Bengt Eriksen.

– Mange i media har sagt at han er ferdig i mange år, og har eigentleg avskrive han. Likevel er det no han har vore best i VM-samanheng, seier Eriksen.

Etter at Argentina tapte sin første gruppespelkamp mot Saudi-Arabia i førre VM blei Messi omtalt som «ein idrettsutøvar i openbert fall» i The Guardian.

Same avis meinte også at «Messi sin internasjonale karriere aldri har kjentest nærare slutten» same år.

Då argentinaren spelte for PSG frå 2021 til 2023, hagla kritikken til tider. Tidigare PSG-spelar og fotballekspert, Jerome Rothen, gjekk hardt laus på Messi.

– Overgangen har vore ein total fiasko, sa Rothen til sitt eige program på RMC, og meinte vidare at Messi berre hadde kome til PSG for økonomisk gevinst.

– Kva skal ein seie eigentleg?

Messi har sidan sommaren 2023 spelt for Inter Miami i MLS, men med Argentina har han vist at toppnivået framleis er skyhøgt.

– Du ser han gler seg fælt før kampar, han liknar ein unggut som skal til å få debuten sin – ein utruleg svolt og fotballglede. Eg har ikkje sett maken, seier Eriksen.

Veland fortel også at folk var kritiske til argentinaren før VM.

– 39 år gamle Messi var det jo mange som var skeptiske til: «vil han halde nivået, er han rask nok, vil han gjere noko anna enn å gå?», spør Veland retorisk og legg til:

– Han har late beina prate – også har han jo nokre tal som er ... Kva skal ein seie eigentleg? Verken imponerande eller sjukt ville vore dekkande nok.

Messi er den eldste utespelaren som nokon gong har spelt i ein semifinale i ein verdsmeisterskap.

Han er Barcelonas største legende, der han nærast har fått status som Gud. No er det altså landet som har vore hans andre heim i ei årrekke, Spania, som står på motsett banehalvdel i VM-finalen.

Som har ein Barcelona-spelar i tenåra med ein gudbenåda venstrefot og utrulege finter, som si største stjerne. Parallellane mellom Messi og Lamine Yamal er mange:

Ein open finale

Klokka 21.00 startar finalen, der enten Spania vil ta sitt andre VM-gull eller Argentina ta sitt fjerde.

Spania blei verdsmeistrar i 2010 for alle første gong, samtidig som Argentina har moglegheita til å vinne for andre gong på rad.

Før årets meisterskap var Argentina rangert som nummer éin og Spania som nummer to på Fifas verdsrangering.

– Det er jo to av dei beste laga i verda, openbert. Det spanske maskineriet med Rodri som berre tikkar og går, kan slå Argentina, seier Eriksen og fortset.

– Men argentinarane er jo nokre soldatar: dei jobbar og slit, som også Messi er med på sjølv om han har vunne alt.

– I finalar har laga ofte ein tendens til å vere litt passive i frykt for å ikkje gjere utslagsgivande feil, men vi får håpe at det blir mykje angrepsfotball. Finalen er heilt open, avsluttar Eriksen.