Viggo skal sykle eit av verdas tøffaste sykkelritt: – Fullstendig nådelaust

Henning Levold – Journalist, Ingrid Nedrebø – Journalist

Deltakarane kan ikkje motta hjelp og må skaffe mat og overnatting sjølv på den over 4000 kilometer lange turen frå Trondheim til Hellas.

– Eg gleder meg faktisk mest til den delen som blir verst å sykle, seier Viggo Vea.

Søndag kveld går startskotet for sykkelrittet «The Transcontinental Race» i Trondheim.

Da sett Vea og resten av dei drygt 400 deltakarane kurs mot Kalamata heilt sør i Hellas i rittet som går for å vere blant dei tøffaste i verda.

Løypa må dei velje sjølv.

– Det vil aldri bli berre eit eventyr eller berre eit ritt. Det vil alltid innehalde begge delar, seier Vea.

– Skal vere sjølvforsynte

– Når du startar i Trondheim så går klokka og den stoppar ikkje før du er framme i Hellas, forklarar Knut Andreas Lone.

Han er journalist for sykkelnettstaden Landevei.no og har følgt rittet i mange år.

– Grunnprinsippet er at dei skal vere sjølvforsynte.

– Dei må sørge for alt sjølv. Skaffe overnatting og mat sjølv og legge opp løypa sjølv og dei kan ikkje motta noko som helst hjelp.

Det er ulikt korleis deltakarane vel å gå fram, fortel Lone.

– Nokon søv lite og syklar lange etappar, mens andre søv litt lengre og syklar kjappare når dei først syklar.

Lengre enn heile Tour de France

Kva løype ein vel kan også ha mykje å seie for resultatet, fortel Lone.

– Det er fleire sjekkpunkt som alle må innom, men anna enn det så står ein fritt til å legge opp ruta som ein vil.

– Så det handlar ikkje nødvendigvis om å sykle den kortaste løypa, men den mest effektive.

Den raskaste vegen mellom Trondheim og Kalamata er på omtrent 4000 kilometer.

Ifølge arrangørar forventar dei at mange ryttarar vil sykle over 4500 kilometer i årets utgåve av rittet.

Til samanlikning er alle etappane i årets Tour de France på «berre» 3200 kilometer til saman.

– Det krev ekstremt mykje både fysisk og mentalt, seier Lone.

– Det er eit fullstendig nådelaust ritt.

Rittsjef David Ayre fortel til NRK at omtrent halvparten av dei som startar fullfører rittet.

– Men det varierer frå år til år, fortel Ayre.

– Om alt klaffar kan det gå på 14 dagar

Kor lang tid dei raskaste brukar på rittet varierer frå år til år.

– Det varierer litt historisk, men kanskje 9–10 dagar, fortel Lone.

– Dei syklar verkeleg heile døgnet og søv kanskje berre tre-fire-fem timar.

Vea fortel at det er vanskeleg å seie kor lang tid han kjem til å bruke på turen.

– Men eg trur at det kan gå på 16 dagar.

– Om alt klaffar kan det gå på 14 dagar og om det blir litt tyngre så kan det gå på 19 dagar.

Vea trur varmen blir det mest utfordrande med turen. Spesielt på Balkan kan det bli tungt.

– Da må ein rekne med at det blir 40 grader på dagtid.

– Da begynner det å bli vanskeleg, for i tillegg så er det den mest kuperte delen av løypa.

– Gler oss til å vise ryttarane Noregs vakre landskap

Sjef for rittet, David Ayre, fortel at det i år er første gong at dei besøker Noreg.

– Det er også det nordlegaste punktet rittet nokosinne har vore.

– Vi gler oss til å vise ryttarane Noregs vakre landskap og utfordrande stigningar.

Rittsjefen fortel at dei utforska ruta i Noreg sist sommar.

– Vi blei overvelda av fjordutsiktene og den avsidesliggjande villmarka som Noreg har å by på.

– Startstaden hjelper oss også med å dra ei modig line frå nord til sør gjennom Europa på ein måte vi aldri har gjort før. Det gjer denne utgåva av rittet enda meir unik.