Norge

Drivstoffmangel er ei varsla krise, ifølgje YS

Marit Balsvik Winge – Journalist, Maren Braut – Journalist, Lisbeth Skei – Journalist, Ingeborg Hågensen – Journalist

Noreg sitt beredskapslager på drivstoff held i berre 20 dagar. Regjeringa skulle ha handla tidlegare, seier Yrkesorganisasjonane sitt Sentralforbund.

Kort om saka

  • YS hevdar Noreg er dårleg førebudd på drivstoffmangel på grunn av krigen i Midtausten.
  • Sverige og Finland har 90 dagar med beredskapslager, medan Noreg har berre 20.
  • Leiaren i YS seier at viktige samfunnsfunksjonar stoppar opp utan drivstoff, inkludert transport og forsvar.
  • Noreg har berre eitt oljeraffineri igjen etter nedlegginga av Slagentangen.
  • YS oppmodar styresmaktene til å styrke beredskapslager for fleire sektorar.
  • Næringsministeren lovar å betre beredskapen på kort og lang sikt.

Oppsummeringen er laget av en KI-tjeneste fra OpenAI. Innholdet er kvalitetssikret av NRKs journalister før publisering.

– Det er slike situasjonar vi må vere førebudde på at kjem til å skje igjen og igjen. No står vi i denne situasjonen, og Noreg er dårleg førebudd.

Det seier leiar i Yrkesorganisasjonane sitt Sentralforbund (YS), Hans-Erik Skjæggerud.

Olje, gass og andre viktige varar har blitt halde tilbake i Hormuzsundet etter krigen i Midtausten.

Mangelen på drivstoff har avdekka ei sårbarheit i Noregs beredskap.

Mens Sverige og Finland har 90 dagar med beredskapslager på drivstoff, har Noreg berre 20.

– Utan drivstoff stoppar alt opp. Til dømes må mat bli frakta rundt i landet, folk må kome seg på jobb og forsvaret er også heilt avhengige av drivstoff, seier Skjæggerud.

– Det er eit beredskapsparadoks at Noreg produserer mykje råolje, men ikkje klarar å raffinere det til drivstoff. Vi har lagt ned eitt raffineri, no har vi eitt igjen.

Fram til 2021 hadde Noreg to oljeraffineri, eit på Slagentangen og eit på Mongstad.

No er Mongstad i Vestland det einaste igjen.

– Utan drivstoff får vi ikkje produsert råolja heller, og mykje anna i samfunnet vil ikkje kunne bli gjennomført utan drivstoff, meiner Skjæggerud.

Yrkesorganisasjonane sitt Sentralforbund

  • YS er partipolitisk uavhengig og organiserer tilsette i hele arbeidslivet.
  • Blant medlemmene til YS er mellom andre politi, offiserar, oljearbeidarar og folk i helsevesenet.

  • – Våre medlemmar er bekymra, og dei peiker på at viktige innsatsfaktorar ikkje er til stades. Drivstoffmangel har vi påpeika over lang tid, og noko som vil kunne bli ein kritisk faktor for Noreg, seier Skjæggerud.

YS påpeiker at mangelen vi i dag kan få på drivstoff, også kan ramme andre sektorar.

– Tilsette hos oss melder at det er mangel på beredskapslager av nødvendige varer innanfor mange sektorar. Det som skjer no på drivstoff bør vere ein vekkar på andre område også. Styresmaktene må trappe opp arbeidet med å lage robuste beredskapslager, seier Skjæggerud.

– No ser vi kva resultatet kan bli dersom situasjonen i Midtausten utviklar seg i ein framleis negativ retning, legg leiaren i YS til.

Noreg skal bli betre

Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) har forståing for bekymringa til YS.

– Dette er ein global situasjon som er krevjande også for Noreg. Det er viktig å seie at det ikkje er mangel her til lands akkurat no, men me har planar for korleis handtere dette på kort og lang sikt, seier Myrseth.

Sidan det er mangel utanlands seier Ap-statsråden at det vil ta tid å få på plass eit norsk beredskapslager på drivstoff.

– Me skal betre beredskapen i Noreg på sikt, slik at vi også kan vere endå betre rusta i ei krise eller krigsliknande situasjon, fortel næringsministeren.

Medan YS hevdar Noreg ikkje er førebudde på krisesituasjonar, meiner Ap-statsråden at regjeringa har kontroll på situasjonen i dag.

– Men vi lever i ei meir uroleg verd, som påverkar samfunnet på mange ulike måtar. Folk i Noreg skal vite at beredskap og tryggleik, har aller høgste prioritet for regjeringa. Derfor skal vi gjere det vi kan for å vere så godt rusta som mogleg for utfordringane framover, seier Myrseth.