Vestland

Mann i 20-åra omkom etter kajakkvelt på Voss 

Ingeborg Grindheim Slinde – Journalist, Elise Farestveit – Journalist

To personar blei henta opp av Vangsvatnet onsdag. Torsdag stadfestar politiet at ein mann er omkomen etter kajakkulukka.

Onsdag ettermiddag rykte politiet og brannvesenet ut etter melding om ein kajakk i Vangsvatnet på Voss, der det skulle vere ein person i vatnet ved kajakken.

Politiet meldte først at ein personen blei plukka opp frå vatnet av brannvesenet.

Om lag to timar seinare blei også den andre personen funnen og plukka opp på land.

Torsdag stadfestar politiet at mannen er omkomen.

Dei har ei formeining om kven mannen er, sjølv om han ikkje er formelt identifisert. Pårørande er varsla.

Hadde redningsvest

Den første mannen som blei plukka opp og tatt med til land, informerte om at han hadde vore saman med ein kamerat og at kajakken hadde velta. Dei to hadde kome vekk frå kvarandre.

Difor fortsette søket for å finne den andre personen.

Det var båten frå Røde Kors som klokka 15.38 melde at dei hadde gjort funn av ein person i vatnet.

Det var ein mann og han hadde på seg redningsvest.

Det blei utført livreddande førstehjelp på staden før personen blei frakta til Haukeland sjukehus med helikopter.

Onsdag kveld blei mannen erklært død.

Begge mennene som var involverte i kajakkulukka var utanlandske turistar i 20-åra.

Begge hadde på seg redningsvest.

Sterk vind

Det var ein god del vind og bølger på staden og vanskeleg å få observasjon, skreiv politiet onsdag ettermiddag

Det blei brukt store ressursar i redningsaksjonen. Politi, brannvesen, luftambulanse og redningshelikopter var med i søket.

I tillegg blei Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske redningshundar kalla ut.

Det blei søkt langs land, i båt, helikopter og med drone.

Ikkje mistanke om noko straffbart

Politiet har ikkje mistanke om at det skal ha skjedd noko straffbart.

– Men politiet har bestemt at det skal gjennomførast ein rettsmedisinsk obduksjon av avdøde for å avklare dødsårsaka, seier politiadvokat Sven Are Dahl-Michelsen.

Eit foreløpig resultat frå obduksjonen er venta i slutten av neste veke.

Ukjent skadeomfang

Skadeomfanget til den første personen som er henta opp av vatnet, er ikkje kjent.

Onsdag sa politiet at vedkommande var vaken og tatt hand om av helsepersonell.

Mannen blei tatt med til Voss sjukehus.