Protestar mot planen om å verna heile Sognefjorden 

Leif Rune Løland – Journalist, Nils Jakob Bakke Nydal – Journalist

Sognefjorden er landets lengste fjord – og verdas djupaste.

Før sommaren la Statsforvaltaren i Vestland fram eit forslag om å verna heile Sognefjorden: eit marint verneområde for heile fjorden, frå Solund ute i havgapet i vest til fjordbotnane ved Skjolden og Årdalstangen i aust.

Totalt er dette 1003 kvadratkilometer sjøareal i ti kommunar.

Føremålet er å sikra verdas djupaste fjord og unik undersjøisk natur for framtida, og samstundes legga til rette for berekraftig bruk, skriv Statsforvaltaren.

Det føreslegne verneområdet går inn i alle viker og fjordarmar, og frå havbotnen nesten heilt opp i fjøresteinane.

Forslaget er ute på høyring med svarfrist 1. november.

«Skal Vestland bli eit museum?»

I eit debattinnlegg i BT måndag protesterer sju av dei ti ordførarane saman med NHO, Sjømat Noreg og Sogn og Fjordane næringsråd.

«Skal Vestland bli eit museum?» spør dei.

Eit slikt vern vil etter deira meining stansa investeringar, utvikling og nye arbeidsplassar.

Dei kallar verneplanen ein stor mistillit frå regjeringa til at kommunane rundt Sognefjorden kan forvalta naturen.

Sognefjorden har i dag 11 industriverksemder og 29 akvakulturanlegg. Ein tidel av all norsk vasskraft blir produsert i Sogn.

Redde for å bli styrt frå Oslo

Sogndal-ordførar Stig Ove Ølmheim er leiar i Sognarådet. Då rådet møttest førre måndag, uttalte han at eit vern ikkje nødvendigvis fører med seg verken meir fisk eller mindre algar i fjorden.

– Me verna Jostedalsbreen, men han har ikkje slutta å smelta av den grunn, seier han.

Denne veka vart ordførarane i kommunane som er med i rådet einige om ein felles uttale om verneplanen.

– Me krev svar på mange ting. For viss vernet hemmar at me kan skapa næringsliv, etablering og bulyst, er det eit vern som er negativt for oss, seier Ølmheim.

Han seier ordførarane er redde for at staten skal styra meir enn det lokaldemokratiet kan stå for sjølve.

– Me ønsker jo liv og meir fisk i fjorden, men ein treng jo ikkje å verna fjorden for å gjennomføra tiltak for at fjorden skal bli betre, seier Ølmheim.

Fryktar vernet vil låse næringslivet

Marianne Notøy Bø er utviklingsleiar i Osland, som driv med oppdrett i Sognefjorden. Ho meiner vernet kan gjera det langt vanskelegare å utvikla næringa i framtida.

– Eit marint vern av Sognefjorden vil bety veldig avgrensa framtidsmoglegheiter for heile oppdrettsnæringa i fjorden, meiner ho.

Statsforvaltaren legg opp til at eksisterande oppdrettsanlegg skal kunna halda fram.

– Me må kunna ha fleksibilitet. Det trur me blir veldig vanskeleg med ein marin verneplan, seier Bø.

Dagleg leiar Bjørn Lødemel i Sogn og Fjordane Næringsråd var med på lesarinnlegget i BT.

Han meiner det allereie finst nok lover og verkemiddel til å sikra naturverdiane i fjorden utan eit nytt marint vern.

– Vår vurdering er at verneplanen får dramatiske konsekvensar for å vidareutvikla næringslivet me har, men ikkje minst for nye næringar og nye tiltak langs fjorden, seier Lødemel.

– Fjorden treng å få kvile

På den andre sida står dei som meiner eit sterkare vern er nødvendig.

Ingjerd Haarstad Maar har gjennom prosjektet Swim4Fjords svømt og dykka i Sognefjorden og dokumentert livet under vatn.

Ho meiner fjorden allereie er under press.

– Me ser når me har svømt og dykka i fjorden at han allereie kneler, seier Maar.

Ho meiner at det er naturen som skal regulera næringa, ikkje motsett.

– Fjorden toler ikkje større belastningar. Me bør la han få kvila og vera i fred, seier ho.

For Maar er difor eit marint vern eit verkemiddel for å sikra at belastninga på fjorden ikkje blir større.

– Når temperaturen i havet stig, blir forholda vanskelegare for livet under vatn. Det er mange faktorar som påverkar fjorden samtidig, seier ho.

– Blir ikkje «museum»

Miljødirektør Aslaug Aalen hos Statsforvaltaren meiner kommunane i Sogn kan ta det med ro.

– Vestland kjem ikkje til å bli noko museum som følge av dette. Me har felles mål om at det skal vera liv og lyst og folk langs Sognefjorden. Men samstundes må me ta betre vare på Sognefjorden enn me har klart til nå, seier ho.

– Det marine vernet legg til rette for berekraftig bruk. I utgangspunktet kan all lovleg aktivitet som skjer i dag fortsetta. Tettstadene og industriområda ligg utanfor verneområdet.

Ho seier at mykje av det kommunane er opptatt av, vil ein kunne få løyve til etter dispensasjonsreglane i verneforskrifta.

– Folk vil ikkje merka stor forskjell

Aalen er heilt einig med Ølmheim i at kommunane og staten i fellesskap må finna gode tiltak for Sognefjorden.

– Vernet gir jo ein status som kanskje gjer at Sognefjorden blir prioritert foran andre stader når det gjeld tiltak for å ta vare på marine naturverdiar, seier Aalen.

– På Vestlandet bur folk tett ned til sjøen. Då er det vel dramatisk når kvar einaste krik og krok av Sognefjorden skal vernast?

– Eg trur ikkje folk som bur langs fjorden vil merka så stor forskjell, for dei bur jo på land. Dei kan ferdast på fjorden, fiska og gjera det dei har pleidd å gjera.

Blir tredje største verneområde

Aalen viser til at det kan bli eit lokalt styre som skal forvalta verneområdet og behandla dispensasjonssøknadar.

– Det har me god erfaring med i ein del andre større verneområde i Noreg.

Sognefjorden er det sjette marine verneområdet i Vestland.

– I Vestland er Stad eit stort marint verneområde. Der ønskte kommunen at me skulle utvida vernet, seier Aalen.

Noreg har to marine verneområde som er større enn det planlagde i Sognefjorden:

  • Lopphavet (i kommunane Alta, Hasvik og Loppa): 1322 km²
  • Andfjorden (i kommunane Andøy, Harstad og Senja): 1849 km²
Publisert 1. okt. kl. 17:10

Tilknyttede emner til denne saken