Mislykka avrettingsforsøk: – Ein tragedie
· Oppdatert
– Det er ingen som ønskte at det som skjedde i går kveld, skulle skje, seier republikanaren Bill Lee til journalistar torsdag.
Han er guvernør i delstaten Tennessee og hadde godkjent avrettinga.
– Det er ein tragedie, og det er djupt urovekkjande for meg at dette har skjedd i denne delstaten. Folka fortener betre, og me skal sørgja for at det skjer, seier han.
Torsdag kveld stadfestar Christa Pikes advokatar at ho er i live og får livsnødvendig behandling på sykehus.
Første kvinne på 200 år
Avrettinga i Tennessee skulle vere den første avrettinga av ei kvinne i staten på 200 år.
Ho blei først mellombels stoppa av ein føderal domstol ein time før dødsdommen skulle fullførast.
Kort tid etterpå blei avgjerda sett til sides av høgsterett i USA, som gav klarsignal til at Pike kunne få giftsprøyta.
Men etter to dødelege sprøyter var ho framleis medviten og hadde puls, fortel vitne som var til stades.
Fengselsvesenet i delstaten seier alle protokollar blei følgde i avrettingsprosessen.
Advokatane til Pike bad natt til onsdag om at avrettinga skulle stoppast.
Dei fortalde også at ho var sendt til sjukehus, men at dei ikkje visste noko om tilstanden hennar, melder NBC News.
Dømd då ho var 18
Christa Gail Pike blei dømd til døden i 1996 for å ha teke livet av ei eitt år eldre kvinne som gjekk på same skule som henne.
Pike var då 18 år gammal. Kjærasten hennar, som også blei dømd for drapet, var eitt år yngre enn henne, og blei dømd til livsvarig fengsel fordi han var under 18 år.
Saka fekk stor merksemd i 1995 fordi etterforskarar knytte det til satanisme fordi nokon hadde rissa inn eit pentagram på brystet til offeret.
Ho har ikkje nekta for at ho gjennomførte drapet, men støttespelarane hennar meiner staten må ta omsyn til hennar unge alder på gjerningstidspunktet.
Dei la også vekt på at ho hadde ei historie med psykisk sjukdom og alvorlege seksuelle overgrep i barndommen.
Dommarane som sette ein mellombels stopp for avrettinga onsdag, sa dei ønskte å undersøke om opplysningane om overgrep var godt nok vurderte då ho blei dømd.
Ber USA droppe nytt forsøk
FNs menneskerettssjef Volker Türk ber USA droppe nye forsøk på å avrette Pike.
– Den langvarige lidinga – både fysisk og psykisk – som følge av fleire mislykka avrettingsforsøk, er avskyeleg og grufull, skreiv han på X onsdag.
Tennessee-guvernør Bill Lee seier torsdag at han vil ha ei ekstern gransking av hendinga.
Han seier også at alle avrettingane som er planlagde fram mot nyttår i delstaten er stoppa midlertidig medan granskinga går føre seg.
Kvinner sjeldan avretta i USA
Lee avslo måndag å benåde Pike.
Advokatane hennar sa ifølge NBC News at ho var knust etter avslaget frå guvernøren.
Det er svært uvanleg at kvinner blir avretta i USA. Onsdagens tilfelle skulle ha vore det første på 200 år i delstaten.
Ei kvinne som sat på dødscelle saman med Pike fram til 2010 fekk dommen sin endra til livsvarig fengsel av dåverande guvernør Phil Bredesen.
Sidan 1976 har 18 kvinner blitt avretta i USA, som er rundt 1 prosent av alle avrettingar, ifølge Death Penalty Information Center.
Interessert i meir utanriksstoff? Høyr Urix-podkasten: