Eide i Epstein-høyring: Ingen venne-tilsetjingar
· Oppdatert
– Inntrykket av at ein tilset vennar og kjente etter eige skjønn, stemmer ikkje, seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Han er sist ut i den to dager lange høyringa om Epstein-saka på Stortinget.
Utanriksministeren kan svare på korleis pengestraumar og kulturen i utanrikstenesta er i dag, etter at det vart kjent at den avdøde seksualforbryteren Jeffrey Epstein hadde forbindelsar til tidlegare norske diplomatar og politikarar.
Barth Eide er den som har hatt desidert mest brevveksling med kontroll- og konstitusjonskomiteen i forkant. Han har blitt bedt om å svare på langt over 30 spørsmål allereie.
Under høyringa torsdag kveld seier Barth Eide at han «aldri sjølv har hatt kontakt med Jeffrey Epstein».
– Eg vil også understreke at det ikkje er noko i denne saka som tyder på at Epstein har hatt innflytelse til norsk utanrikspoltikk, seier Barth Eide.
Utanriksministeren får eit spørsmål frå Frps Per Willy Amundsen:
– Har ikkje dåverande FN-ambassadør Morten Wetland sitt råd i 2010 om å redusere støtta til IPI nådd fram til departementet og utanriksministeren? Har ein valt å skille vekk dette rådet? Er ikkje det eit eksempel på ukultur i UD? spør Amundsen.
– Eg vil starte med å seie til Amundsen, som jo har vore justisminister, og kan sikkert hugse frå si tid at det er regjeringa som bestemmer i eit departement, seier Barth Eide.
Han la deretter til at det skriftlege rådet frå FN-delegasjonen i 2010 var å vidareføre støtta på same nivå.
Sa nei til Rød-Larsen
Då Barth Eide var utanriksminister frå 2012 til 2013, fortel han at han vart kontakta av Terje Rød-Larsen.
– Han hadde ein ny idé om ein «international commission for multilateralism» som han meinte Noreg burde støtte. Det takka eg nei til, seier Barth Eide.
– Eg var også blant dei som sa at vi ikkje burde gi meir pengar til IPI under Rød-Larsen. Dette er nok ei periode kor vi frå vår side starta å sjå at det kanskje vart litt ekstravagant stil over leiinga, seier Barth Eide.
Kommenterer dokument
Han kommenterer også dokumenta i kjellarboden til Rød-Larsen og Mona Juul, som var merka «strengt fortruleg», medan ei mappe var stempla som «hemmeleg»
– UD skulle ta ein gjennomgang av desse, for å sjekke om det faktisk er gradert informasjon som har blitt lagra privat. Kva har gjennomgangen vist? spør Jonas Sayed (KrF).
– Det har vore eit omfattande arbeid med å digitalisere og gå gjennom dette saman med Nasjonalarkivet, og vi vil snart konkludere i saka og gjere dette materiale tilgjengeleg for alle. Og det spørsmålet kjem vi tilbake til.
– Men materialet er nedgradert no, og det betyr at det har vore gradert. Ein skal ikkje oppbevare den typen materiale privat. Kva slags konsekvenser det vil få, er opp til nasjonal sikkerheitsmyndigheit, seier han vidare.
Forsvararane til ekteparet Rød-Larsen og Juul, John Christian Elden og Thomas Skjelbred, har kome med ei felles utsegn:
– Vi følgjer naturleg nok den pågåande høyringa, men av respekt for prosessen vil vi ikkje kommentere enkelte opplysningar fortløpande. Det får vi eventuelt kome tilbake til på eit seinare tidspunkt.
Hatt fleire roller
Barth Eide har hatt fleire roller i Utanriksdepartementet opp gjennom åra.
Han var også utanriksminister eitt år mellom 2012 og 2013, og før det statssekretær for dåverande utanriksminister Jonas Gahr Støre frå 2010 til 2011. Også heilt tilbake i 2000 var han statssekretær for dåverande utanriksminister Thorbjørn Jagland i litt over eitt år.
Stortinget har også sett ned ein granskingskommisjon som skal sjå på utanrikstenesta og andre myndigheiter i lys i Epstein-avsløringane.
Kommisjonen, leia av tidlegare Dagens Næringsliv-redaktør Amund Djuve, skal levere sin rapport innan januar 2028.
Fleire av medlemmane i kommisjonen har fulgt høyringa frå publikumsplass desse to dagane.