Ut mot eigen klubb etter å ha fått VM-draumen knust: – Eg er heilt tom

Even Berthelsen – Journalist, Jarle Fredagsvik – Journalist, Dorthe Rotneim Berger – Journalist

Dan Peter Ulvestad vann ein VIP-pakke verd 450.000 kroner. Han er sterkt kritisk til at klubben ikkje lét han reise tidlegare, men arbeidsgivaren slår tilbake.

– Dette var ikkje eit krus på tombola eller ein genser. Denne moglegheita kjem eg aldri til å få igjen, seier han.

NRK snakkar med Dan Peter Ulvestad som nettopp har landa i Bergen. Å beskrive ham som knust, er ei underdriving.

For om ting hadde gått etter planen, hadde Kristiansunds midtstoppar og kaptein sete i VIP-losjen på New York stadion under finalen i fotball-VM.

Men slik blei det ikkje.

– Eg kunne faka ein skade, tatt eit ekstra gult kort. Eg var sjuk for berre eit par veker sidan. Eg kunne ha køyrt ekstra hardt på da. Men eg hadde det ikkje i meg.

– Det har blitt nokon sånne tankar nå?

– Det kan eg love deg.

Lokalavisa Tidens Krav melde om nedturen først. Sunnmørsposten har også skrevet om saka.

NRK har vore i kontakt med dagleg leiar i Kristiansund Christian Gauseth. Les svaret hans på kritikken lenger ned i saka.

Ni timar i bil

Gjennom ein konkurranse i regi av ei daglegvarekjede og eit brusmerke vann 37-åringen i vår ein pakke som inkluderte VIP-billettar til finalen, flybillettar og hotellopphald i tre dagar i New York. Det heile har ein verdi på rundt 450.000 kroner.

Det einaste problemet:

Kristiansund spelte heimekamp i Eliteserien laurdag klokka 16:00. Kampstarten av finalen på den amerikanske austkysten var 21:00 søndag (norsk tid).

Og klubben var tydelege på at dei ikkje ønskte at kapteinen skulle dra.

Ulvestad spelte heile kampen mot Sarpsborg 08. Den enda 0–0.

Men KBK-kapteinen fann eit fly frå Bergen som ville gjere – dersom alt gjekk vegen – at han rakk kampen med nokre få timar.

Supporterleiaren: – Skjønar at han er skuffa

Arne Olsen i supportergrupperinga «Uglan» har ingen problem med å skjønne at Dan Peter Ulvestad er skuffa etter at VM-turen gjekk fløyten i Amsterdam:

– Eg skjønar sjølvsagt at han er skuffa. Han hadde fått fri til å reise, men det var ein trong tidsplan då flyet vart forseinka. Det er litt som han seier at det er ein «once in a life-time»-sjanse, så eg skjønar den skuffinga, seier supporterleiaren til NRK.

Olsen peikar på at han er glad for at 37-åringen valde å prioritere oppgjeret mot Sarpsborg laurdag kveld:

– Han og klubben kunne kanskje ha gjort det på ein annan måte, men eg er glad for at han var i krigen for oss. Det er det handlar om no: KBK sin eksistens. Det er mange poeng som skal delast ut, og det er bra at han brettar opp ermane. Det var først og fremst synd for Dan Peter og ikkje minst faren som måtte sitje på kampen åleine, meiner han.

– Er du overraska over at Dan Peter Ulvestad som klubbkaptein går såpass hardt ut?

– Eg vel å ikkje seie noko her. Det er heilt nytt for meg, eg kan ikkje uttale meg om det, svarar Olsen.

– Fryktar du at dette blir ein verkebyll i klubben etter at han kjem tilbake igjen, er Gauseth og Ulvestad nøydde til å setje seg ned og snakke ut om dette?

– Det er vaksne menneske. Sjølvsagt må dei snakke saman. Det må gjerast innanfor visse rammer som klubben har, om det ligg noko meir der.

Etter at kampen på Nordmøre stadion var ferdig laurdag kveld, køyrde han dei ni timane i bil til Flesland lufthamn.

Der tok eit fly han vidare til Schiphol i Amsterdam.

Men flyet derfrå til New York blei forseinka med fleire timar.

Tøffe samtalar med klubben

Så mange timar at flyet til Ulvestad hadde landet berre 20 minutt før kampstart.

Da fann han ut at det ikkje var formålstenleg å boarde.

– Då eg tok avgjerda sokk eg berre saman med hovudet mellom beina. Der låg eg lenge. Samtidig tikka meldingane inn med «unner deg dette» og «god tur». Gode meldingar blei berre vonde. Det var heilt jævlig.

Pappa Rune, som hadde dratt tidlegare, måtte dermed vere til stades på finalen aleine.

– Eg hadde mange tankar om klubben før eg drog, og har enda fleire nå. Eg skal vere varsam med å dele dei. Vi er ikkje einige.

Han fortset:

– Eg er framleis glad i lagkameratane og dei rundt. Men klubben og eg har litt vi må løyse. Og eg veit ikkje korleis vi skal løyse det.

– Kva er dine tankar om Christian Gauseth (dagleg leiar) akkurat nå?

– Dei får du ikkje.

Ulvestad har vore i Kristiansund sidan 2012 og har spelt over 350 kampar for klubben. Det er flest gjennom tidene.

– No er eg heilt tom, seier han.

– Ikkje sportsleg forsvarleg

Når dagleg leiar Christian Gauseth blir presentert for kritikken, avviser han at klubben stod i vegen for kapteinens tur.

– Vi har lagt til rette for at han skulle dra. I fellesskap med Dan Peter kom vi fram til følgande: Klubben gav fri både i går (søndag), i dag (måndag) og i morgon (tysdag), seier den daglege leiaren og utdjupar:

– På den premien hadde han opphavleg reist på fredag, men når vi speler eliteseriekamp på laurdag, må den kampen spelast.

Gauseth understrekar at han forstår skuffelsen til kapteinen.

– Vi forstår at Peter hadde eit stort ønske om å oppleve finalen i VM. Alle som er glad i fotball skjønner at det er stor stas å vere med på. Det var derfor vi strekte oss så langt som vi kunne.

Samtidig peikar han på det sportslege ansvaret til klubben.

– Kvart poeng og kvar situasjon kan bli veldig avgjerande i år, og at vi skal då seie frå oss hærføraren vår i teljande kampar, det hadde ikkje vore sportsleg forsvarleg. Eg er veldig klar på at vi har gjort det rette i kampen mot Sarpsborg, og vore fleksible og løysingsorientert for det som kom etter, avsluttar Gauseth.