Slik forklarer forskarane kvifor USA angreip Venezuela
USA har ei lang historie med militære invasjonar i Latin-Amerika. Likevel skiller angrepet på Venezuela seg ut, meiner forskarar.
Laurdag morgon norsk tid angreip USA fleire mål i Venezuela. President Maduro og kona er tekne til fange av USA.
Angrepet blir skildra både som ei overrasking og ei dramatisk utvikling.
– Vi må sjå til historia for å forstå dagens angrep, seier seniorforskar ved NUPI Lucas De Oliveria Paes.
For det er langt frå første gong USA blandar sitt eige militære inn i latinamerikanske land.
I denne saka kan du lese om:
150 år med USA i Latin-Amerika
Kvifor angreip USA akkurat Venezuela?
Kva har skjedd?
Det var like før 02.00 lokal tid at kraftige drønn og ekplosjonar blei høyrt i den venezuelanske hovudstaden Caracas. Sju gongar blei Venezuela treft i amerikanske angrep.
Donald Trump sa seinare at han såg på direkte video at president Nicolás Maduro og kona Cilia Flores blei tekne til fange. No er dei på veg til å bli stilte for retten i New York tiltalte for omfattande nakotikaverksemd.
Det skal ikkje vere meldt om drap på sivile.
– Folket kan ikkje tru kor heldige dei er som er kvitt denne diktatoren, seier Trump til Fox News.
Han sa også at USA kjem til å vere «sterkt involvert» i oljeindustrien i Venezuela.
150 år med USA i Latin-Amerika
– Trump-administrasjonen ser på Latin-Amerika som ein del av sin interessesfære, ein plass som USA har retten til å diktere, seier seniorforskar Paes.
Det er eit ekko av tidlegare augneblink i amerikansk utanrikspolitikk, slik som Monroedoktrinen og den kalde krigen, der USA følte seg berettiga til å gripe inn i regionen, meiner han.
Allereie på slutten av 1800-talet begynte USA å sikre sine eigeninteresser i dei europeiske koloniane i Amerika.
Etter banankrigane og fleire andre militærinvasjonar i Sør- og Mellom-Amerika, innførte president Franklin D. Roosevelt «Den gode venn-politikken» - ein lovnad om å vise respekt til landa i regionen.
Men så kom den kalde krigen og USA sette alle menn til pumpene for å hindre ei global spreiing av kommunismen. I Chile, Brasil og Argentina spelte USA ei direkte rolle i å pfå på plass militære diktatur i anti-kommunismen sitt namn.
Så i 1989 invaderte USA Panama under president George H.W. Bush. Då arresterte USA militærdiktatoren Manuel Noriega med skuldingar om at han hadde tillate narkotikasmugling inn til USA.
– Eg dreg mange parallellar mellom angrepet på Venezuela i dag og angrepet på Panama i 1989, fortel forskar ved OsloMet, Yuri Kasahara.
Han er frå Brasil og har skrive mykje om Latin-Amerika.
– USA har eit komplisert og tett forhold til regionen, påpeikar Kasahara.
OsloMet-forskaren forklarar at sidan 90-talet har USA hatt ei meir passiv innstilling til Latin-Amerika.
Difor er han noko overraska over angrepa i dag.
– Det er Trump si raske radikalisering som overraska meg. Regimet i Venezuela har ikkje plutseleg blitt verre, seier forskar ved OsloMet Yuri Kasahara.
Kvifor angreip USA akkurat Venezuela?
Sjølv om angrepet overraskar, har det vore spent mellom dei to landa lenge.
Allereie i den første presidentperioden sin innførte Donald Trump omfattande amerikanske sanksjonar mot Venezuela. Dei skulle straffe Maduro og regimet hans spesifikt.
I heile haust har USA bomba amerikanske båtar i internasjonalt farvatn utanfor Venezuela. Trump-administrasjonen hevda at dei smugla narkotika inn i USA.
Dei siste månadane har USA sagt at dei har intensjon om å angripe landet som ligg heilt nord i Sør-Amerika. Amerikanske styrkar har bygd seg opp på den venezuelanske kysten.
USA, samt mange europeiske og andre land, meiner Maduro ikkje er ein legitim leiar av landet. Mange, både i og utanfor Venezuela, har skulda han for valjuks.
I dag er folk i Venezuela splitta om USA. Mange i opposisjonen til styresmaktene ynskjer støtte frå USA. Mindretalet som støttar dei, er meir kritiske til USA, noko ein såg mellom anna etter at opposisjonspolitikar Machado fekk fredsprisen i fjor.
Kva kjem til å skje no?
– Vi skal styre landet til vi kan gjere ein trygg, ordentleg og juridisk overgang, sa Donald Trump på ein pressekonferanse frå Mar-a-Lago i Florida i dag.
Den amerikanske presidenten sa dei ikkje er redd for å «ha støvlar på bakken» og sa at dei vurderer å ha amerikanske soldatar i Venezuela for lov og orden. Detaljane rundt korleis USA eventuelt skal styre Venezuela er førebels ikkje klart.
Opposisjonsleiar og fredsprisvinnar María Corina Machado kan ikkje bli den nye leiaren av Venezuela, sa Trump på den same pressekonferansen.
Det er førebels uklart om angrepa kjem til å halde fram.
Uansett vil angrepa i natt ha konsekvensar for Venezuela og heile regionen lenge, meiner forskarane Paes og Kasahara.
Nesten 8 millionar venezuelanarar har dei siste åra flykta frå landet. Dei fleste bur i dag i Karibia eller i andre latinamerikanske land, skriv FN.
– Førre månad såg vi at venezuelansk migrasjon var eit viktig tema under valet i Chile, seier Paes.
På pressekonferansen i ettermiddag kom Trump-administrasjonen med trugslar til to nye land. Trump sjølv sa at hans colombianske kollega Gustavo Petro burde passe seg. Utanriksminister Marco Rubio sa at han hadde vore redd hadde han sete i den cubanske regjeringa, hadde han vore dei.
Både Lucas De Oliveria Paes og Yuri Kasahara meiner det er heilt ope kva som kjem til å skje i Venezuela. Peas tillèt seg likevel å spekulere:
– Eg trur to ting kan skje: Det kan bli ein borgarkrig, med eller utan støtte frå USA til den eine sida, noko som vil få konsekvensar for nabolanda. Uavhengig av kva lagnad Venezuela får, kan den amerikanske bombinga gjere politiske aktørar i regionen meir redde for amerikansk intervensjon og påverke vurderingane deira, seier Paes.
Interessert i det som skjer i verda? Høyr podkasten til utanriksredaksjonen her: