Vestland

Årets varmaste dag i Bergen: – Veldig merkeleg, men deilig 

Ann Beate Eikås Hovland – Journalist, Per Vidar Raunholm – Journalist, Sofie Skumsnes – Journalist

Den siste dagen i september er årets varmaste dag i Bergen så langt, ifølgje Meteorologisk institutt.

Makstemperaturen så langt onsdag er 26,2 grader ved Florida målestasjon i Bergen sentrum.

– 26,1 grader er det akkurat no, og det er årets varmaste dag i Bergen, seier vakthavande meteorolog Ingrid Bentsen til NRK like etter klokka 15.

Den tidlegare rekorden var på 26,0 grader. Den er frå august i år.

Yrande strandliv

På bystranda ved Marineholmen og Småpudden yrer det av folk med solbriller og badebukse.

NRK møter nederlandske Seb Vestars, som har vore på utveksling i Bergen i to månadar. I dag nytta han høvet til ein dukkert.

– Vatnet kjennest veldig kaldt, fordi lufta var så varm. Men det var heilt ok for ei kjapp frisk tur uti.

At årets hittil varmaste dag i byen kom siste september, tykkjer han er litt utruleg.

– Det er veldig merkeleg med den varmaste dagen når det nesten er oktober! seier han.


– Det har vore heilt nydeleg å få ein sommardag i bonus i dag, seier Hilde Rolfsnes.

– Kanskje ikkje akkurat sommartemperatur i sjøen, men deilig då me kom opp av vatnet.

Ho er frå Hammerfest og besøker søstera i Bergen i haustferien.

– Det var god timing med slikt vêr akkurat når eg er her på besøk, seier ho nøgd.

På med badebuksa

På bystranda sit også Skjalg Skare og familien. Dei et pizza.

– Veldig kjekt å få ein slik etterslengar med flott varme. I dag fekk me gå litt tidlegare frå jobb. Då var det berre å samle familien og finne seg ein fin plass ute.

– 26,1 grader er veldig deilig. Og fint med litt vind i tillegg.

Den eldste sonen er den einaste i familien som har vassa litt. No har han fått på seg badebuksa og legg på sprang ned til vatnet. Men stoppar og nøler litt i vasskanten. Kanskje litt for kaldt, likevel.

– Me får nyte resten av dagen, kanskje litt is til barna før det blir å dra heim til leggetid, seier faren.

Fønvind

– Vestlandet er varmast og Bergen er på topp, seier Bentsen.

Ifølgje meteorologen må bergensarane takke ein fønvind frå Europa for den seine sommardagen.

– Det er veldig uvanleg at ein har årets varmaste dag for vestlandet så seint på året.

Meteorologen oppfordra bergensarane til å gripe dagen med begge hender.

– Et is og nyt finvêret, for det er ikkje dei beste prognosane framover.

Varmt på Vestlandet

Det er Vestland og Møre og Romsdal som har hatt dei høgaste temperaturane i dag.

TIl dømes klokka 17.50 hadde landets varmaste stader 23 grader: i tillegg til Bergen er det like varmt Svelgen, Måløy og Høyanger.

Slik er dei høgaste temperaturane akkurat no: