Michell opplevde overgrep på joggetur

Fride Audunsdotter Westvik – Journalist

– Eg elska å springe. Det gav meg så mykje glede, seier Michell Tvedt.

Michell var 18 år gammal då det skjedde. Ho var på veg ut døra ein kveld i 2011 for å dra på joggetur, slik ho pleidde å gjere. Det var mørkt ute i løypa der ho tok den vanlege turen. Musikken spelte på øyra og ho høyrde først ikkje at nokon kom bak henne.

Så skjedde overgrepet, som skulle øydelegge årevis for Michell.

Ho slutta brått å trene etter den kvelden. Berre tanken på å skulle springe att vart for mykje for 18-åringen.

– Eg var så redd, og berre tanken på å gjenoppleve det var forferdeleg.

Michell gjekk på vidaregåande i Haugesund, der ho voks opp. Ho var snart ferdig utdanna helsefagarbeidar.

Men både venninner og mora hennar merka at noko hadde endra seg. Michell var spent og redd.

Treningsgleda var vekk, men også livsgleda.

Ingen spor

Mora til Michell merka at noko var gale, og fekk etter ikkje så lang tid vite kva som hadde skjedd. Saman gjekk dei til politiet og meldte overgrepet.

Det var to mistenkte i saka, men politiet fann ikkje gjerningsmannen. Michell lever difor framleis i frykt for denne mannen.

– Eg veit jo ikkje kvar han er i verda, og det er veldig skummelt, seier Michell.

Med få spor fekk ikkje Michell vite heilt sikkert kven gjerningsmannen var. Men ho angrar ikkje på at ho gjekk til politiet.

– Eg anbefaler alle som opplever noko slikt å melde til politiet, sjølv om det ikkje førte til noko for min del.

Michell er langt ifrå åleine om å oppleve å bli overfalt på tur.

Tidlegare i årvart ei kvinne overfalt under ein joggetur i Lillestrøm, av ein mann i 30-åra. Mannen vart sikta for forsøk på valdtekt, men nekta straffskuld.

Like etter vart også ei anna kvinne overfalt i eit turområde i Asker.

Sjølvbilete til Michell vart øydelagt etter hendinga.

Ho hadde i tillegg fått høyre heile barndommen at ho var stor og vart mobba for størrelsen. Kommentarane sit framleis brent i hovudet hennar.

– Eg har alltid blitt mobba for størrelsen min i barndommen, seier ho.

Kommentarane gjorde at ho begynte å springe for å bli slankare.

Michell kjente seg stygg, men springeturane gjorde at ho følte seg betre. Ho gjekk ned i vekt og byrja å få kommentarar på at ho var fin.

Men etter overgrepet stoppa det opp. For å dra på trening vart heilt uaktuelt for Michell. Frykta for å gjenoppleve overgrepet var for stor.

Fride Audunsdotter Westvik / NRK

Michell var mykje redd.

Ho var redd når ho gjekk ut av huset.

Redd for å gå tur med hunden åleine.


Fride Audunsdotter Westvik / NRK

Redd for mørket og måtte alltid sjå seg bak skuldra når ho var ute.

Michell hadde fullført vidaregåande og var blitt utdanna helsefagarbeidar. Like etter fagbrevet byrja ho å jobbe på omsorgsbustad.

Kveldsvaktene vart ei utfordring. Tanken på å skulle gå heim åleine i mørket.

– Mamma pleidde å køyre meg heim etter kveldsvakt, og eg måtte snakke med henne på telefonen kvar gong eg skulle gå tur med hunden.

Det gjekk ikkje lang tid før Michell fekk ein til jobb. Ho byrja å jobbe i butikk, samtidig fekk ho ein ekstra jobb i heimetenesta.

Å ikkje klare å trene gjorde noko med Michell. No måtte ho jobbe nok, for å halde seg i aktivitet.

– Sidan eg ikkje klarte å trene vanleg, kompenserte eg det med å jobbe, veldig mykje. Eg overarbeidde meg for å vere fysisk aktiv.

Det vart lange dagar med mykje jobb i fleire år. Michell kunne jobbe doble vakter for å halde seg oppteken.

Men då Michell var blitt 26 år, sa det stopp.

Ryggen svikta

Ho hadde arbeidd 300 timar på ein månad.

10 arbeidstimar kvar einaste dag utan pause.

I 2018 klarte ikkje kroppen hennar meir, og Michell vart sjukmeldt. Noko ho har vore sidan, med konstante smerter.

Det starta med ein betennelse i ryggen, som skulle vise seg å vere prolaps. Men det var ikkje ryggplagene som bekymra Michell aller mest.

Korleis skulle ho no halde seg aktiv?

Michell hadde ikkje snakka om kvifor ho ikkje ville trene.

– Legen sa at eg måtte trene for å styrke ryggen. Men det er jo lett å seie.

Etter lang tid med konstante smerter fortalde ho kva som var gale til legen.

Tårene trillar når Michell fortel.

Treng du nokon å snakke med?

Her kan du få hjelp:

  • Mental helse sin døgnopne gratis hjelpetelefon: 116 123
  • Mental helse sin døgnopne chat: sidetmedord.no
  • Mental Helse Ungdom sin chat: www.mhu.no, Tenesta er open kvar dag kl. 18-21 og er retta mot unge vaksne (18-35 år).
  • Kirkens SOS: Ring 22 40 00 40 eller skriv på soschat.no ellermeldinger.kirkens-sos.no.
  • Kors på halsen (Røde Kors):Ring 800 333 21 eller skriv på korspaahalsen.rodekors.no. Tenesta for deg under 18 år.
  • Akutt sjølvmordsfare? Ring 113 når det er akutt og står om liv.
  • Ring legevaktpå tlf. 116117 for øyeblikkeleg hjelp.

Du kan òg snakke med fastlegen din.

Ta heller kontakt ein gong for mykje enn ein gong for lite.

Ryggsmertene skulle vise seg å vere ein del av løysinga.

For å gjere ryggen betre, er det berre ein ting som hjelper.

Å trene. Og det var det Michell no måtte gjere, for fyrste gong på over 10 år.

– Det var ei glede å jogge før det skjedde. Men eg ville ikkje, for eg kjente på skam og at det, berre gjekk ikkje, seier ho.

Michell vart tilvist til Revmatisme sjukehuset i Haugesund. Der ho var i fleire veker på behandling. No hadde ho ikkje lenger eit val, Michell måtte trene att for å bli betre.

Tankane hennar begynte å skifte. Redselen byrja å gå over til sinne.

– Eg tenkte, kvifor har eg hamna her? På grunn av ein person? Kvifor skal eg la ein person få styre korleis livet mitt skal vere vidare?

Det var då det snudde for Michell.

På sjukehuset byrja ho smått å trene att. Små skritt om gongen.

Først små gåturar på tredemølle, så små joggeturar. Sakte og roleg, innandørs der ho hadde kontroll.

Og redselen, som var blitt til sinne, gjekk over til glede.

– Eg kjente at det gav meg ei slags glede og at eg vann, seier Michell medan ho tørkar eit par tårer.

Timar på mølla blei til små turar på dagtid rundt om i nabolaget.

– Til slutt tenkte eg berre at eg skulle klare det.

Michell kledde på seg treningskleda og tok på seg joggeskoa. Ho skulle no ut å springe, slik ho gjorde som 18-åring.

Ho hadde musikk på øyra, men ikkje så høgt at ho ikkje kunne høyre sine eigne skritt i grusen.

Over 10 år seinare fekk ho tilbake meistringskjensla, sjølv om ikkje alt vil vere det same som før.

Sigeren

– Då sprang eg mi første mil utandørs, noko eg aldri hadde trudd eg kom til å klare. Eg hadde jo aldri sprunge ei mil før, smiler Michell.

Å klare det, har ikkje vore enkelt.

– Pulsen min er jo på over hundre før eg startar å jogge. Kjensla av om han er her, den traumatiske kjensla av at det er nokon bak deg.

Den dagen var det likevel Michell som hadde vunne.

– Etter den turen sat eg berre i bilen og grein. For eg følte eg hadde vunne ein del av livet mitt tilbake og eg kjente på den enorme lukka og meistringskjensla av at eg klarte noko som eg aldri trudde eg skulle gjere igjen.

Det er no snart eit år sidan Michell sprang ei mil. Og ho har aldri kjent seg meir sterk.

Tidlegare i år var også aller fyrste gongen ho var med på eit løp.

Ho meldte seg på for å halde fram med å utfordre seg sjølv.

– Eg spydde rett før og sa til mannen min at eg ikkje kom til å klare det. Men så sprang han ved sida av meg heile turen og det var ei enorm meistringskjensle.

Å ha mannen hennar ved Michell si side har vore viktig for at ho har klart å snu om på traumene.

Og sjølv om det har kosta mentalt å springe att, er målet å springe eit løp igjen heilt åleine.

Ekspertens råd mot frykt

– Etter eit traume kan hjernen begynne å tolke trygge situasjonar som farlege. Vegen tilbake handlar ikkje om å presse seg, men om å gi nervesystemet nye erfaringar med tryggleik. Michell gjorde heilt rett då ho bygde meistring steg for steg, seier psykolog Janette Røseth.

Røseth har desse råda til personar som har opplevd vald eller overgrep, og som ønsker å utfordre frykta.

Psykologens råd: Slik tek du livet tilbake etter eit traume

  • Ver tolmodig: Frykt forsvinn sjeldan fordi vi bestemmer oss for å vere modige. Den blir mindre gjennom mange små erfaringar med at vi faktisk er trygge.
  • Skil mellom risiko og frykt: Det er heilt naturleg å ta forholdsreglar etter eit overgrep. Ein må ikkje springe i mørket igjen om det ikkje kjennest rett.
  • Still deg sjølv spørsmålet: Hjelper denne forholdsregelen meg til å leve livet mitt, eller hindrar den meg i å leve det? Sunn varsemd hjelper oss – hemmande frykt gjer livet mindre.
  • Aktivitet er medisin:Ein sjukmelding betyr ikkje at ein må sitje heilt i ro. Tilpassa aktivitet kan gi betre søvn, mindre stress og meistring. Men trening er inga universalløysing; det må skje i kombinasjon med tryggleik og gode relasjonar.

Sjølv vert Røseth imponert over jobben som Michell har gjort dei siste åra.

– Det at ho gradvis har teke tilbake retten til å bestemme over sitt eige liv rører meg. Når frykta ikkje lenger får definere kvar du kan gå eller kven du kan vere, har du teke tilbake noko som er langt større enn ein joggetur. Det handlar om fridom, seier Røseth.

– Ikkje spring åleine

Michell er i dag blitt 34 år gammal. Ho bur i Vormedal saman med mannen sin, ein hund og tre born.

Ho er framleis dårleg i ryggen og har mykje smerter. Men trass smerter drar ho på joggeturar.

Frykta er der enno. Ho drar aldri ut for å jogge når det er mørkt.

– Eg vil ikkje skremme andre, men eg spring ikkje åleine i mørket igjen, seier Michell.

Ho fortel at ho trur ho hadde takla overgrepet annleis i dag, men aldri vil risikere å utsette seg for at noko liknande kan skje.

Ho passar også på å ikkje ha høg musikk på øyret, slik at ho kan høyre om nokon kjem.

Michell er framleis sjukmeldt. Å vere usynleg sjuk har vore tøft for 34-åringen, som har kjent på at få forstår at ho er sjuk.

– Berre ein går på butikken ser ein alle blikka som seier «å ja, ho er ikkje sjuk». Kvifor kan ho gå på butikken? Kvifor kan ho trene?

Når Michell spring ute, er ho også redd for blikka. Ho er redd for kva andre tenker.

Ho ønsker ikkje å ha vondt. Og håpar at ryggen etter kvart vil bli sterkare, slik at ho kan bruke utdanninga si som helsefagarbeidar.

– Korleis ser du på framtida?

– Eg håpa at eg skal bli såpass sterk at eg kan gå i arbeid ein dag. Eg har så lyst å leve utan smerter kvar dag.