Emil (71) har slutta å ta toget – over halvparten av avgangane innstilte
Pensjonisten har nå gitt opp toget etter gjentatte kanselleringar, vedlikehaldssvikt og tog som ikkje går når dei skal.
– Eg kjem ikkje til å reisa meir med toget på Sørlandsbanen før det blir meir punktleg.
Pensjonist Emil Steira (71) bur i Dagali i Hol kommune i Buskerud.
Han har familie i Sandnes i Rogaland og bruker av og til Sørlandsbanen når han skal på besøk. Då må han reisa frå Kongsberg stasjon.
Då han sist skulle reisa frå Rogaland til Kongsberg i slutten av januar, fekk han trøbbel med å rekka toget frå Stavanger stasjon.
Togavgangen han skulle ta blei innstilt, og han måtte springa til jernbanestasjonen for å rekka eit tog han i utgangspunktet ikkje visste gjekk.
– Det blei hektisk, og viser at toget ikkje er noko å satsa på, seier han.
Dei fleste av toga blir innstilte
Sørlandsbanen har sidan i haust vore råka av ei rekke innstillingar på toga som køyrer mellom Stavanger, gjennom Sørlandet, og til Oslo.
Faktisk er Sørlandsbanen den minst punktlege togbana i Noreg.
Toga, som blir drifta av Go-Ahead, er råka av ei rekke problem som trengst å bli fiksa. Pendlarar har slutta å ta toget på grunn av alt trøbbelet.
I haust henta NRK inn tal frå togselskapet. I september og oktober var 42 prosent av avgangane innstilte, anten heile ruta eller delar av ruta. På tampen av året betra det seg, men det varte ikkje lenge:
- Januar: 51,7 prosent innstilte avgangar
- Februar (tom. 23.): 57,3 prosent innstilte avgangar
I januar 2026 var det med andre ord 16 prosent færre som brukte Sørlandsbanen samanlikna med same månad året før.
– Det er ikkje overraskande i det heile tatt. Når tilbodet er så dårleg, finn folk andre transportmåtar, seier pensjonist Steira.
- Hans Philip Hofgaard / NRK
Gamle togsett:
Togsettene er 25 år gamle. Krengesystemet som skal gi høgare hastigheit i kurver er ei spesiell utfordring, kor slitasje og elde har økt problemomfanget.
- Ukjent
Enkeltspor:
Strekningen Drammen-Egersund har enkeltspor og køyrer for mange tog i forhold til kapasiteten, noko som gjør at sjølv mindre hendingar gir store punktlighetsavvik.
- Jan Kåre Ness
Ekstraordinære hendingar:
Sidan juni har det vore hendingar som bytte av vedlikehaldsleverandør, ein episode kor et vindauge falt ut i fart (som førte til inspeksjon av alle togsett og ca. 150 innstillingar), og Bane NORS forlenging av sporbrot ved Drammen.
– Kundane ønsker eit stabilt tilbod, og når det ikkje er det, så er det naturleg at etterspurnaden fell, seier pressevakt Simen Lockert Rohde i Go-Ahead.
På spørsmål om kvifor dei ikkje berre leiger inn fleire togsett, svarer Rohde at det ikkje er tilgjengeleg togmateriell å setja inn på Sørlandsbanen.
– Det står ikkje på økonomien, legg han til.
Halvparten av toga under reparasjon
Rohde erkjenner at tilbodet på Sørlandsbanen har vore upåliteleg for kundane, men han meiner det på sikt blir betre.
Go-Ahead sine tog har nemleg hatt eit vedlikehaldsetterslep over lengre tid. Derfor tok dei inn toga som blir kalla type 73 til reparasjon på nyåret. Nå er berre fire av åtte togsett i drift.
– Det er 25 år med vanskjøtte tog. Klimaanlegg verkar ikkje som det skal. Toalett verkar ikkje som dei skal. Bistro, krenging og traksjon verkar ikkje som det skal, sa Go-Ahead-sjef Emil Eike til NRK i haust.
Ordførar med kravliste
Gro Helleland (KrF) er ordførar i togkommunen Lund, der Sørlandsbanen køyrer gjennom. Her er hovudtogstoppet på Moi.
– Tala frå Go-Ahead er veldig beklagelege. Det finst nesten ikkje ord for å beskriva det som skjer. Tog skal vera ein rask, trygg og god måte å reisa på, seier ho.
Ordføraren kjem med ein tydeleg bodskap på vegner av politikarane langs Sørlandsbanen.
– Skjenene ligg slik som då dei blei bygde. Me må auka kapasiteten og fleksibiliteten ved å bygga fleire og lengre kryssingsspor. Det er også rådet frå fagfolk, seier ordføraren.
Ho krev pengar til tiltaket på heile Sørlandsbanen, og at det blir sett av midlar på Nasjonal Transportplan (NTP).
– Og så må me sjølvsagt halda fram med å fornya togsetta. Dette er lågthengande frukt og vil løysa veldig mange av utfordringane. Me treng ikkje lange utgreiinga om dette.
Kan bli betre neste veke
Målet med at Go-Ahead har sett så mange tog ute av drift er at tilbodet skal blir stabilt over tid når dei blir klare.
Selskapet har fortalt at dei jobbar for at alle avgangane skal gå som normalt i veke 10, altså neste veke. Pressevakta stadfestar til NRK at dette framleis er målet.
– Vi vil kommunisera dette når vi er heilt trygge på at estimatet held. Dersom noko uventa skulle oppstå, og vi må skyva på tidspunkt, vil vi varsla om dette så snart vi har informasjonen tilgjengeleg, seier han.
Men det skal meir til enn at toga er tilbake for at Emil Steira skal nytta seg av Sørlandsbanen igjen.
– Meir punktlegheit og at toget får eit betre rykte. Du skal ikkje høgre mykje på nyheitene før du forstår at noko er feil. Det skal ikkje vera sånn, seier han.