Skrellex opnar finalen: – Då kan eg ta meg ein knert og nyte showet
Dragartisten Skrellex er overlukkeleg over å ha fått den aller første startplassen i MGP-finalen.
Det er ein tydeleg letta Kai Thomas Larsen, betre kjent som drag-artisten Skrellex, NRK snakkar med etter at finalerekkjefølgja er klar.
Etter å ha kjempa seg vidare frå den såkalla Radiocupen, er det no klart at Skrellex skal stå for sjølve opninga av den store MGP-finalen på Lillehammer komande laurdag.
For ein som skildrar livet sitt som ein dans på nevroser, kunne ikkje meldinga vore betre.
– Det er heilt utruleg. Draumane mine har gått i oppfylling, seier Skrellex strålande.
For artisten handlar den tidlege startplassen først og fremst om å få kontroll på nervane. Ved å gjere unna sitt nummer først, kan han slappe av resten av kvelden.
– Eg var så nervøs for at eg måtte sitje i «green room» og sjå på alle dei andre fantastiske artistane, medan eg måtte late som eg var lukkeleg og ikkje livredd fordi dei er så bra, seier han ærleg.
No blir planen ein heilt annan:
– Å få opne heile ballet, for så å kunne gå av scena og ta meg ein knert, eit glas kvitvin og kose meg med å sjå på showet saman med resten av folket – det er heilt magisk. Eg kunne ikkje bedt om noko betre.
Sjølv om humøret er på topp, legg ikkje Skrellex skjul på at vegen mot finalen har vore intens.
Det er berre ein månad sidan han sikra seg finaleplassen, og førebuingane har vore prega av tidspress.
– Det har vore veldig hektisk. Det er vanskeleg å setje saman eit fullverdig drag-nummer på så kort tid, seier han.
Han trekkjer fram at god hjelp frå koreograf Mona Berntsen har vore avgjerande for at han i det heile har kome i mål.
– Eg trur aldri eg har vore så stressa i heile mitt liv. Eg skulle gjerne hatt ein månad til, for å seie det rett ut. Men no er det dette eg har, og forhåpentlegvis gjer eg alle som stemte meg fram stolte, avsluttar artisten.
Den unge Bergens-artisten Jonas Lovv blir siste mann ut i finalen. Det grugler han seg til!
– Det blir pinebenken på meg ser det ut som. Men om nokon spør, så er det eg som «headliner» MGP 2026, seier ein optimistisk Jonas til NRK.
Slik blir rekkefølgja i MGP-finalen som blir sendt direkte i NRK TV laurdag kveld:
1. Skrellex
2. Hedda Mae
3. Storm
PAUSE
4. Mileo
5. Silke
6. Rybak
PAUSE
7. Emma
8. Leonardo
9. Jonas Lovv