Dronninga har dratt frå sjukehuset
Kongen vart innlagd tysdag. Han får behandling for ein infeksjon og for dehydrering, opplyser Slottet.
Dronning Sonja forlét onsdag kveld sjukehuset kor kongen er innlagd, etter å ha vore på sjukebesøk hos ektemannen.
Også livlegen til kongen, Bjørn Bendz, drog onsdag kveld frå sjukehuset.
Han hadde kome ned til Tenerife for å hjelpa det lokale helsevesenet.
Senad Biscevic og kona er på ferie på den spanske øya Tenerife no. Dei bur tilfeldigvis rett ved sjukehuset kor kong Harald vart innlagd tysdag.
– Det er nok det næraste eg har vore kongen, seier Biscevic.
Onsdag morgon tok han turen til sjukehuset for å sjå korleis det var der og for å visa medkjensle. Han seier kongen har betydd mykje for han og familien.
– Me kom til Noreg for 33 år sidan som krigsflyktningar frå Bosnia. Kongen var alltid med oss, seier Biscevic til NRK.
Tidleg på morgonen var det lite som tyda på at sjukehuset hadde ein så prominent pasient.
Få timar etter endra det seg. Tre politibetjentar sto vakt ved inngangen og fleire journalistar var til stades, både spanske og internasjonale.
– Ein tung dag
Kong Harald vert behandla for infeksjon og dehydrering, opplyste Slottet i ei pressemelding tysdag.
– Tilstanden hans er etter forholda god, skreiv dei.
Ei slik formulering brukte dei ikkje då kongen sist vart innlagd på sjukehus i utlandet, i Malaysia i 2024.
Kongeparet var på privat vinterferie på Tenerife då kongen vart lagd inn på det private universitetssjukehuset Hospiten Sur.
NRK har vore i kontakt med sjukehuset. Dei viser til kongehuset for kommentarar.
Øya har vore råka av vêrfenomenet calima den siste tida. Då fraktar vinden med seg støv frå Sahara-ørkenen, noko som fører til dårleg luft og høg varme.
Det har vore veldig merkbart, seier Biscevic.
– I går var den varmaste dagen sidan me kom, 27 gradar. Det var ein tung dag, seier han.
I tillegg til varmen var det nemleg mykje finkorna sand i lufta.
Biscevic er sjølv 69 år gamal og seier han tenker mykje på kor tungt det må ha vore for kongen, som er 20 år eldre.
Onsdag er både luftkvaliteten og temperaturen betre.
– No er temperaturen rundt 17–18 gradar med bitte litt vind, med sol og blå himmel, skildrar han.
Kan vera ekstra utsett i varme
Det er ofte ein samanheng mellom infeksjon og dehydrering, seier Håkon Ihle-Hansen til NRK.
Han er overlege og forskar i geriatri ved Bærum sjukehus.
– Ved ein infeksjon stig kroppstemperaturen, og det fører til større væsketap, sa han til NRK tidlegare onsdag.
I tillegg peikar han på at eldre ofte brukar medisinar som kan føra til dehydrering.
Ikkje minst er ein meir utsett for væsketap viss det er varmt ute.
Slik vert temperaturen på Tenerife dei neste to døgna:
Ifølge Ihle-Hansen er det vanskeleg å seia om vêrfenomenet calima kan ha påverka helsa til kongen.
– I utgangspunktet er det ein litt annan bakterie- og virusflora i utlandet som gjer at immunforsvaret vårt kan vera mindre klart, seier han.
TV 2 møtte livlege på Gardermoen før avreise, men då ville han ikkje kommentera tilstanden til kongen.
Kongen fylte 89 år 21. februar.
Slottet har varsla ei ny oppdatering om tilstanden til kongen i løpet av onsdagen.